Omsetjing til nynorsk

For å skape god nynorsk ut av ein bokmålstekst krevst det meir enn berre å setje om ord for ord. Den som skal gjere jobben, må ha ei omfattande oversikt over formverket i nynorsken, og han må ha god kjennskap til og teft for kva som er rekna som god stil på nynorsk.

Språkmakaren har denne kunnskapen og tilbyr omsetjing til nynorsk av alle typar tekstar. Føretaket har levert nynorskomsetjingar til ei rekkje statlege og private oppdragsgjevarar på område som jus, økonomi, helse, naturvitskap, utdanning, velferd og regionalpolitikk.

Språkrådets kompetanseprøver for språkkonsulentar er eit kvalitetsstempel for dei som tilbyr slike tenester. Innehavar Eirik Ulltang Birkeland har teke og greidd denne prøva i begge dei norske målformene.

Ta kontakt for å få eit tilbod på den aktuelle teksten.

 

« Sjå andre tenester