Omsetjing

OmsetjingDet ser ut til å bli ei vanlegare og vanlegare oppfatning blant folk flest at omsetjing er noko dei fleste kan drive med, så lenge skuleengelsken deira er sånn omtrent i orden. Alternativt kan ein jo berre bruke ei av maskinomsetjingstenestene som ein finn på Internett, meiner nok mange. Resultatet blir ofte det ein må kunne kalle tragikomisk.

Ein godt omsett tekst er eit resultat av ei mengd menneskelege val som er gjorde på bakgrunn av språkkunnskapar og erfaring. Overlèt ein jobben til tilfeldige, risikerer ein gjerne at også resultatet blir noko tilfeldig.

Språkmakaren leverer profesjonelle omsetjingar i desse språkkombinasjonane:
– engelsk til norsk
– svensk til norsk
– dansk til norsk
– spansk til norsk

Eg set om til begge målformene og leverer også gjerne omsetjingar mellom nynorsk og bokmål (begge vegar). I tillegg kan eg formidle omsetjing frå norsk til engelsk.

Ta kontakt for å få eit tilbod på den aktuelle teksten.

 

« Sjå andre tenester