Korrektur er retting av språkfeil, dvs. formelle stave- og teiknsetjingsfeil. I tillegg blir det retta opp i inkonsekvens og feil i setningsbygnaden.
Språkvask er ein meir djuptgåande gjennomgang av teksten. Føremålet med språkvasken er å gjere teksten enklare å forstå og meir lesarvenleg. Til dømes vil språkvaskaren redigere tunge setningar og avsnitt, og generelt sørgje for at logikken og flyten i teksten er god.
Språkmakaren tilbyr korrektur og språkvask av tekstar på nynorsk og bokmål. Ta kontakt for å få eit tilbod på den aktuelle teksten.
Det er viktig å avklare behovet og forventningane til resultatet på førehand, slik at vi finn ut om det er korrektur eller språkvask som trengst.